Hjartespreng»
Bokomslag til boka Hjartespreng
Om romanen:
Inger Johanne Sæterbakk har skrive romanen Hjartespreng, som handlar om Inga som er 16 år og god til veldig mykje. Ho er flink i alle skolefaga, har fleire gode vennar og er godt likt. Men det er ein ting ho ikkje er god til, og det er å vere 16 år. Ho har ikkje lyst til å gå på festar, å drikke seg full og vere med gutar, sånn som dei andre i klassen gjer. Men ein måndag kjem bestevenninna på skolen og fortel at ho har vore på fest i helga og gjort det med ein gut. Da skjønner Inga at ho også må øve på å vere 16 år. Og det er ganske skummelt når du ikkje har talent, ikkje anar kven du kan stole på og ikkje eigentleg tør.
Om forfattaren:
Inger Johanne Sæterbakk er 44 år, fødd i Bodø og oppvaksen på Orkanger. Ho bur i Oslo og jobbar som språkkonsulent på Det Norske Teatret. Ho har også skrive to andre bøker for barn og ungdom; 1000 dagar (2017) og Rundt jorda og tilbake (2020). Hjartespreng kom ut i 2023 og vart nominert til Brageprisen same år.
Om opplegget:
Inger Johanne skal fortelje om boka og lese frå ho, snakke om kor ho hentar inspirasjon og idear ifrå, om korleis det er å skrive ei bok, og om korfor ho hadde lyst til å skrive ei bok om akkurat det å vere 16.
I uke 46 besøker Inger Johanne Sæterbakk følgende steder:
12.11: Tjeldsund bibliotek
13.11: Andørja Montessoriskole og Ibestad skole
14.11: Grov skole og Ramsund skole
Kontaktperson: Anne Gerd Lehn, leder Bok- og kulturbussen tlf. 95276656